Første tur med Natur, miljø og friluftsliv

Del innlegget

Etter innspel frå elevane vart det tur til Ankerhytten. Me tok bussen til Munkebotn og trava opp til Munkebotsvatnet der me fekk sjå den øydelagde demninga, og viktigheita av fysikkundervisning.

Me gjekk vidare opp til Ankerhytten der me tok pause og krangla om kven som hadde best matpakke.

Deretter gjekk me over til Stoltzen før me trava til Fløyen og heim.

Det var ein strålande tur, og naturen hadde allereie byrja å skifte til haustfarge. Ingen datt og slo seg, ingen gav opp, og me var alle samde om at det var ein fin tur.

Klikk på bildet under for fleire bilder frå turen

Første tur med Natur, miljø og friluftsliv 2018