Sosial aktivitetsdag i Nygårdsparken

Del innlegget

Ein nydeleg haustdag i oktober samla heile St. Paul skule seg i Nygårdsparken for å «slå eit slag» for det sosiale miljøet på vår kjære skule.

Heile skulen, meir enn 330 elevar, samla seg i parken og gjennomførte mange ulike fysiske aktivitetar gjennom sosialt samarbeid. Alle klassane frå 1. til 10. klasse var blanda saman, slik at dei store hadde eit ekstra ansvar for dei små.

Det var aktivitetar som sangleik, bevegelsesbingo, tautrekking, runde på idealtid med meir. Og alle fekk norske epler på vegen!

Her var noko for både store og små. Ein utruleg triveleg dag for skulen sitt sosiale miljø. Vi gleder oss til neste år!

Beste helsing
Brita, Eirin, Halldis og Kristoffer
i arrangementskomiteen